28.08.2013

: ord for onsdag

Før vi veit ordet av det

Desse brå dagane som kjem og forsvinn
før vi veit ordet av det
Så bort i veggene
Så langt inn i granskogen
Så langt inn i hesteræva, sa far min
og sende rekommanderte brev

Desse brå dagane som kjem og forsvinn
Før vi får slått inn ein spiker
Før vi får sett på kalenderen
Før vi får sett oss ned og kjent etter
korleis det luktar nysteikt brød
og giftige gassar

Og brått er kalenderen der med september
Ein sommer er forsvunnen
i ein skål med fersken
Brått seier den vesle son min
Eg kjenner ikkje deg
Du skal kvile meg

Anne Karin Torheim



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar